DA GENERAL BOOTH DROG INN I HIMMELEN

Innmarsjen i himmelen er det mange som har sett for seg. Den amerikanske poeten Lindsey skrev et dikt om da general William Booth dro inn i himmelen. Det er oversatt av Sigmund Skard:
Booth gjekk baust i brodden, og hans stor-tromme skral -
(Er du tvetta i Lammets blod?)
Himmelfolket smilte: ”Det er hit han skal”.
(Er du tvetta i Lammets blod?”)
Først kom dei spedalske, rad på rad.
Så kom fark og fusse frå allan stad,
bakgate-skjøkjer og narkotikavrak,
andletsgrå av lyster som langsamt slepper tak,
makketne heilagmenn med muggen pust,
uvaska hopane med kyrkjegards-gust -
(Er du tvetta i Lammets blod?”)

Slummen kring all verda hadde sendt sin flokk,
endå syntes Booth at det aldri var nok.
Alle flagg på jorda stima fram i lag,
lysande som faklar av eit ukjend slag.
Kvinnfolk med toremål gitarane slo,
høysta gjennom himlane og gret og lo.
Er du tvetta i Lammets blod?”
Halleluja! Du vedunders tid,
stutenakka farkar som himlen sette fri!
bøllar som basun-bles or kjeften full
opp mot ein himmelkvelv så blank som gull;
(Er du tvetta i Lammets blod?”)

Booth døydde blind, men i tru han såg
lysande som før kvar Guds rike låg.
Booth gjekk i brodden og det høvde seg slik
kroknasen krøkte seg ørnelik,
kvitskjegget lufsa og kommandoen song
like så kvassmælt som på jord ein gong.

Jesus steig ut på sin tinghus-tram
og lyfte sine hender der hopen valt fram.
Booth såg kje honom, han styrte si horg
i kros og i krok kring det veldige torg.
Men i sjølsamme stund kvar den sjel der gjekk
bar snøkvite kjortlar utan minste flekk.
Krøplingane rette seg så rake som ei spik,
blindingane stirte inn i himmerik.

Syndar-merka alle var som strokne ut!
Borte var ulveglis og rottesnut.
Hore og hallik skreid i visdoms skrud,
skirvaksne møyar og hovdingar for Gud!
Dei stega i sandalar, med vengepar av eld -
(Er du tvetta i Lammets blod?”)
og jubla så englekoret reint kom på stell -
Er du tvetta i (Lammets blod?”)
Å Frelsar! Halleluja! Du sæle tid,
sjå kongar og fyrstar som Lammet gjorde fri!
Gitarane buldra og singlelåten rann
frå kvelle tamburinar i dronninghand!

Og då Booth i bøn framfor tingtrammen stod,
då såg han sin Herre der fanene slo.
Livsens krone Krist rette ned
åt sin trugne soldat, medan folket falt på kne.
Den levande Jesus steig honom imot,
og gråtande seig han for sin Herres fot.
Er du tvetta i Lammets blod?”

Tilbake til hjemmesiden